La siguiente información está disponible para Mandelhuset:
Mandelhuset ligg på bryggekanten, har eit godt norsk kjøken og ein knallgod handverksbar! Me har og eit flott selskapslokale samt overnatting på toppen.
Mandelhuset er ein restaurant med eit godt kjøken og ein god bar! Me har og eit flott selskapslokale samt på toppen moglegheit for overnatting. Kjøkenet vårt lagar dei lekkraste rettar. Me meinar at maten me serverer skal vera god, mettande og av ekte råvarer. Baren vår har fått seg ei oppgradering, og me tør påstå at me nærmar oss ein cocktailbar. Så no får du prøva og sjå kva du syns. Leilighetane er små, men koselige. Dei har alt du treng: seng, bad og kjøken.
¿Listo para una visita? Consulta los siguientes horarios de apertura para Mandelhuset:
Jueves: | 16:00 - 20:00 |
Viernes: | 16:00 - 01:00 |
Sábado: | 13:00 - 02:00 |
Domingo: | 13:00 - 20:00 |
Mandelhuset se puede encontrar en la siguiente dirección:
Revisa el mapa para ver dónde puedes encontrar Mandelhuset.
Los siguientes estilos de comida están disponibles en Mandelhuset:
¿Necesitas reservar una mesa? ¿O tal vez usted tiene algunas preguntas sobre el menú? Utilice el siguiente número de teléfono para ponerse en contacto con Mandelhuset:
Compruebe el siguiente sitio web para Mandelhuset:
Utilice el siguiente dirección de correo electrónico para ponerse en contacto con Mandelhuset:
Mandelhuset se encuentra en el siguiente rango de precios:
Así es como otros visitantes han calificado Mandelhuset:
Las siguientes opciones de estacionamiento están disponibles:
Las siguientes opciones de pago están disponibles:
Los siguientes servicios están disponibles:
Mandelhuset puede ofrecer las siguientes especialidades:
Las operaciones diarias están a cargo del siguiente director general:
¿Estás planeando una visita a Mandelhuset? Tal vez no sabes cómo llegar allí? Consulte estas instrucciones para saber cómo llegar en transporte público:
www.tide.no www.Skyss.no
¿Qué ha pasado en Mandelhuset últimamente? Aquí puedes encontrar noticias relevantes:
I dag leverte me grillbuffét ombord på MF Ullensvang i høve blåtur. Me tar på oss alt av oppdrag, berre kom med ditt ønskje🤩🥂
Det er tid for møte og konferanse🤩 Me har mange gode tilbod, ta kontakt så hjelper me deg. Alltid ope for møte og selskap.
Det er ein nydelig dag som kan nytast på brygga vår🤩😁 Har du prøvd dessertene våre? Dei er ganske så smakfulle😍
Me er fullbooka frå 13:00 til 17:00 i dag🤗😅 Så det blir ikkje mogleg med lunch for fleire hos oss i dag desverre😇
Denne vekas lunchrett er, Krema skalldyrsuppe med sjøkreps, reker og blåskjell, servert med nybakte brød. Den er nydelig😍 Og koster kun 179,- Velkomen 🥂
Planer om lunch eller middag i dag? Velkomen til oss, me er her for deg🤩
Denne vekas lunchrett er, Skagensmørbrød🤩 I tillegg har me to nye, deilige desserter på lunchmenyen; Solbærmousekake og Sjokoladeterrine med vaniljekokte plommer. Velkomen🥂😍
Takk for ein suveren sumarsesong! Takk til alle gjestane våre, me er dykk evig takksam! I fjor var nemleg eit labert år, og me gjorde mykje for å snu trenden i år. Det virkar no som dette har fungert, besøkstalet er opp, omsetning er opp og utgiftar har me klart å helda på eit minimum. Me har ein veldig fin gjeng som arbeider her og alle har vore med på denne operasjonen, dei er eineståande! Det skal gå bra dette no. Nytt i sumar var at me hadde to menyar; lunch og middag. Dette konseptet kjem me til å føre vidare inn i haustsesongen. Me skal fortsatt ha ein hovedrett med fisk og ein med kjøt. Me trur det er viktig at me har ein levande meny som endrar seg kvar månad. På den måten går ikkje de, gjastane våre, lei. Me reduserer litt på lunchmenyen, men kjem og til å legga til ei "vekas lunchrett". Fokuset vårt fortsetter å vera retta mot hav og sjømat, lokale råvarer og ekte smakar. Ein milepæl peikte seg ut denne sumaren, første lærlingen vår tok fagprøven sin. Me begynte som lærebedrift i 2017, og dette har vore den viktigaste og beste satsinga vår! Alt arbeid med utbygging, nytt kjøkken betalte seg den dagen han gjekk opp til fagprøve. Me skal vidare på denne vegen. Denne veka endrar me opningstidene. Det blir likt som tidlegare, bortsett frå at me kutter ut fredagskvelden. Dette gjer me fordi det ikkje er lønsamt å halda ope kvar fredag. Derimot kjem me til å laga fleire fredagsarrangement. Så i praksis kjem det ikkje til å bety mykje trur me. For selskap er me sjølvsagt alltid ope. Takk igjen alle våre gjestar, me er her, og vil alltid vere her for dykk.
Grunna eit stort selskap og fleire bookinger har me ikkje så god kapasitet i kveld, men me har nokre bord ledig i Sjøhuset :)
Me går inn i siste veka med ope alle dager, frå neste veka kjem me til å vera ope torsdag til søndag. Så kva med å nytta høvet til å ta eit godt måltid denne veka?😇 Steinbiten er absolutt å anbefala 🤩
Kvar månad endrer me middagsmenyen. Her er rettane i august, ser du noko som freistar?😍
Ny månad, ny meny 🤩 Velkomen til eit godt måltid🤗
På torsdag endrer me middagsmenyen igjen. Det vil sei at du har tre dager på deg til å prøva ut menyen for juli🤩 Velkomen 😇
Eit klenodium har komen til kai, farfar sin oselvar frå 1931. Han fekk båten til 13 års dagen sin, han trengte ein røff båt han kunne herja litt med. Kva er vel betre då enn ein Oselvar? Den har gått i arv til Sigvard, eine medeigaren på Mandelhuset. I dag kom den attende frå verkstad der den har blitt vøla. Me syns den tok seg veldig bra ut ved gamle Johnsakaien vår🤩 Det er same båt som er malt inn i maleriet som heng i Festsalen vår. Motivet er av eit fotografi av farmor og farfar når dei var i Mobergsvika i 1945. Det er viktig å ta vare på gamle båtar og minner, me er glad det er blitt gjort med denne båten. Helsing Patrick og Sigvard på Mandelhuset.
30° Celsius seie du? Blåskjell og Chablis seie me😎🤩
Kan det bli betre?😍
Nyt sola hos oss 🤩🍻🥂🍔
Kan du hjelpa oss å nå ut til fleire og nye gjester, ved å gje dei eit meir presist heilhetsbilde før dei besøker oss?😇Skriv ein anbefaling på Tripadvisor: https://no.tripadvisor.com/Restaurant_Review-g1188597-d8376662-Reviews-Mandelhuset_Restaurant-Tysnes_Tysnes_Municipality_Hordaland_Western_Norway.html?m=19905
Har du prøvd fiskehovudretten vår denne månaden? Nydeleg breiflabb med vår einestaånde skalldyrsaus lagd på sjøkreps og hummar🤩🥂
Aquí puedes encontrar fotos de Mandelhuset:
Aquí puedes encontrar videos de Mandelhuset:
Trenger du lokale for møte, konferanse med servering? Me har pakker for halv dag, heil dag eller skreddersyr etter dine planer og ønskjer. Ta kontakt for eit godt tilbod😁
Velkomen til Mandelhuset, eit stolt medlem av Bjørnefjorden Matkultur! Mandelhuset er ein restaurant i Våge på øya Tysnes. Me er stolt over å vera ein del av ein levande kystkultur, og det er viktig for oss å vera ein del av lokalsamfunnet. Derfor nyttar me oss av så mykje lokale råvarer som me kan. I tilegg ønskjer me å løfta kulturtilbodet i kommunen. Av den grunn har me mange spanande og forskjellige arrangement gjennom året. Takk til Bjørnefjorden Matkultur for filmen.
Vinn billetter til humorgalla med middag og show. 10. februar kjem noregs morroklomp, Terje Sporsem til Mandelhuset. Det blir ei heilafta med mat og latter, der me starter med middag før Terje går på scenen kl 21:00 Du kan vinna eit bord for 4 personer inkl. middag og show ved å kommentera: "Mandelhuset på Tysnes" og lika innlegget her. Del gjerne og, om du sjølv ønsker. For dei som vil tinga eit bord til denne kvelden kan de senda epost til [email protected] eller ta kontakt på tlf: 53432100. Middag kl 18:00, konsert kl 21:00. 1090,- Billetter til kun konserten er i salg på ticketco.no. 450,- (pluss billettavgift) https://mandelhuset.ticketco.eve nts/no/nb/e/humorgalla_med_terje_sporsem
I dag hang me opp vårt siste gateskilt, "Festsalen". Det henger no saman med 5 andre skilt av same type. Inspirasjonen kjem frå då me var på tur til Bergen då me var små. Alle dei forskjellige gatenamna på emaljeskilt som hang på husveggane var fasinerande. Mange samtaler hadde utspring frå skilta og kva historia bak namna var. Det stilreine designet til emaljeskilta frå gatemiljøet i Noreg kan ein lett gjenkjenne, det er enkelt, stramt, og skilta er lesevennlige. Skilta sitt design passar også godt med funkjsonalismens mantra, som me i dag hugsar frå 1920/30 talets firkanta hus og nakne formspråk. Gateskilt og stadsnamn er ikkje berre for å finna fram til rett hus og dør, det er og ein fin måte å verdsetta og minnast viktige personar. Det har me hugsa på.: "Johnsakaien" har namnet etter Kristoffer og Kåre Johnsen. Dampskipskaien som er på framsida av Mandelhuset i dag blei tatt i bruk i 1920. På folkemunne fekk den namnet: Johnsakaien. Mange veit det i dag, men skiltet er kome opp sånn at me ikkje gløymer det. "Ove's allé" er til æra for arkitekten vår Ove Grung. Under byggeprosessen i vår tenkte me det hadde vore kjekt med større kjøken og dermed stenge igjen mellom gammalt bygg og nybygg. Då hadde me ikkje fått gjennomlys og "pusterom" mellom bygga. For å sei det enkelt, det sa Ove med sterk overbevisning nei til. Me er glad for det, for no har me Ove's allé. "Yngve's trapp" er til æra for vår kjære vaktemeister Yngve Vevatne som har stilt opp dag og natt det siste tiåret. Ein betre vaktmeister kan ein ikkje ha.
-A singing ship, is a happy ship. Så Tysnesfest, takk for all song og glede festivalen har gitt Tysnes desse dagane. Takk til alle som gjer dette mogleg, takk til alle som står på dag og natt, takk til alle musikanter, takk til alle tilreisande og gjestar. Takk for nok eit eineståande eventyr. Det har vore ei æra å ta imot alle som har vitja Mandelhuset, vonar me sjåast att. I måro, måndag held me stengt og har nedvask. I kveld stenger me kl 21:00 sånn at verdas beste ansatte kan ta seg ein pust i bakken :) Helsing Patrick på Mandelhuset.
Mods live på Mandelhuset 😎
220 billetter utsolgt på 30 min. Mods på Mandelhuset i kveld, blir eit eventyr!
I måro, Kristi himmelfartsdag, held restauranten ope frå kl 13:00 -20:00. Velkommen :)
También revise estos Hoteles cercanos:
También revise estos Peluqueros cercanos:
También revise estos Iglesias cercanos:
También revise estos Agentes de bienes raices cercanos: